I september 2011 er det Tor Arve Røssland som er månedens forfatter her hos oss på Skrivebua.

Tor Arve Røssland er født i 1971, og skriv bøker for barn og unge, og er mest kjent for serien om den vesle kultfiguren Pode og grøssaren om Svarte-Mathilda.

Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.

Pode er ein seks år gamal gut som vi første gong blei kjend med i boka Pode frå 1999. Seinare har Pode-fans kunna glede seg over å følgje han i Pode mister fotfestet (2000), Pode får snue (2002) og Anti-Pode (2006). Den første boka om Pode er omsett til tysk, og dei to første har vore på Barnetimen for dei minste på NRK. Alle bøkene er illustrert av den prisvinnande illustratøren Øyvind Torseter.

Røssland har også skrive teaterstykket Huldra, ungdomsromanen Plutselig skjøna eg alle songane (2004) og barneboka På rømmen i New York (2008), illustrert av Henning Lystad. Svarte-Mathilda (2010) har fått mange lovord, og blei nominert til Uprisen 2011. Han har og bidratt til fleire antologiar og lærebøker, i år i Trøysteboka på Skald forlag.

I år er han og aktuell med ungdomsromanen GAMER på Mangschou forlag. Ei spenningsbok i skiljet mellom den virtuelle og den verkelege verda. Denne boka er hans første på bokmål.

RÝssland, Tor-Arve (forf.)
Hordaland

Kommentar til Boktyven

Kommentar til glassfrost

Kommentar til iza-chan

Kommentar til Katniss

Kommentar til Muff

Kommentar til Nameless

Kommentar til Pilgrim

Kommentar til SunSpring

Kommentar til Tiril, det er meg

Brukerens bilde