I mai 2011 er det Lars Mæhle som er månedens forfatter her hos oss på Skrivebua.

Lars (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Boka blei kåra til årets beste barne- og ungdomsbok på nettstaden poeten.no, og filmen basert på boka hadde premiere hausten 2010.

Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen.

Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikter i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale.

Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.

Lars Mæhle har skrive fleire bøker for yngre barn, m.a. dei elleville bøkene om tospannet Harry og Ivar. Den første av desse, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er omsett til dansk. Mæhle har studert ved Universitetet i Oslo der han har teke hovudfag i litteraturvitskap. Han har arbeidd som skribent, meldar og forlagsredaktør.

Du kan lese mer på samlaget.no og txt.no

Mæhle, Lars (forf.)
Oslo

Kommentar til Annelies

Kommentar til Jordbæris

Kommentar til Frustrert Dahl-sau

Kommentar til jøken

Kommentar til connieadele

Kommentar til Cookie

Kommentar til Distant Sun

Kommentar til Silly96

Kommentar til Sun Spring

Kommentar til Theaa..

Brukerens bilde