I februar 2011 er det Marit Kaldhol som er månedens forfatter her hos oss på Skrivebua.

Marit Kaldhol er frå Ålesund. Ho har gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn og vaksne.

Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole.

Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada.

Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

Kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: Søkeord: Ayotzintli.

Marit Kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.

Kaldhol, Marit (forf.)
Møre og Romsdal

Kommentar til Beliar

Kommentar til Gullhår

Kommentar til Milea

Kommentar til Nattens dronning

Kommentar til Pollypepper

Kommentar til Cythraul Valentine

Kommentar til Anne-Belinda

Kommentar til Air

Kommentar til Abstract

Kommentar til **Ingrid**

Brukerens bilde