Skrivetips - Titlar

[Dette er teke frå bloggen min, av di det sikkert er interessant for nokon]

Det å laga tittel til ei tekst, kan vera vanskeleg. Ein har eit forhold til teksta og til innhaldet, men å presentera det kort med eitt eller fleire ord, og samstundes få det til å sjå bra ut, kan vera verre.  For dei fleste er det noko som vil koma automatisk, av og til kanskje før ein har skrive teksta, andre gongar i lang tid etterpå. Det er mange måter å tenkja på. Her er nokre forskjellege:

NAMN:
Det å ha eit namn som tittel, kan vera interessant. Som regel kjem det anpå namnet ein vel. For ikkje så lengjesidan skreiv eg eit dikt som eg kalla "eirik", men litan E, av di diktet handlar om denne personen "eirik", og namnet hans går igjen gjennom heile teksta. Viss ein skal skriva ei rekke noveller, som ei slags serie, med forskjelleg hovudperson i kvar, kan det og fungera med namn for å skilja dei frå kvarandre. Då bør det sjølvsagt ha eit fellesnamn og.

Victoria av Hamsun, er eit døme på roman med eigennamn som tittel. Eller Pan. Eller Lucie av Amalie Skram. Alle tre namna verkar tiltrekkjande på meg. 

For meg ser dei store og flotte ut, men det kan og fungera vel så bra å velja namn som er det motsatte. "Stig-Arne", er ei bok eg ganske så sikkert hadde valt å sjekka ut. "Pål-Egil". Korte dobbelnamn som gjerne inneheld Æ, Ø eller Å. Uformelt. 

Det finst sjølvsagt ikkje berre namn på menneske, men namn på plassar. Ein fiktiv plass, eller ein verkeleg plass. Plassen der handlinga føregår, eller plassen der hovudpersonen har lyst til å vera. Namnet på ei gate, namnet på ein by, namnet på eit hotell eller namnet på eit land. Det er sjølvagt ingen god ide å kalla ei historie for "India" berre av di handlinge føregår i India, viss ikkje "India" er eit stort tema i teksta.

Her finst det spanande variantar!

Viss ein til dømes puttar inn eit anna ord. "Kjærlighet i København" (då må du venta å trekkja til deg hovudsakeleg kvinner i 40-50åra).For å fortsetja i same dur, kan me jo skriva "Middag i Paris", "Frokost i Stockholm" og "Soloppgang i London". Eller, ein kan velja små byer. Ein kan til og med prøva seg på bokstavrim. "Helvete i Horten", "Liv i Lakselv" og "Oldemor i Oldefjord". 


SUBSTANTIV:
Å ha eit substantiv frå teksta som tittel, kan sjå kult ut. Dette er det to (med mange varianter) måter å gjera på. Ein kan

a) ha eit kvardagsleg ord

b) ha eit uvanleg ord

Viss ordet er uvanleg er det viktig at det kling godt, viss ikkje kan det fort verka dumt. Eg skreiv nyleg ei novelle eg kalla "Kattedalten". Det verka smart. Å kalla ei tekst for "Iskrembabysnorkel" derimot, kan få det til å verka som du ikkje meiner noko anna med teksta enn å verka sær sjølv. 

Det som er fullstendig avgjernade er at ein har ein god grunn til å velja akkurat det substantivet ein vel. Dei eg har spurd er alle einige om at å velja tilfeldige ord som knapt har noko med teksta å gjera, er ein dårleg ide, og verkar dummare enn interessant. Viss du skal skriva ei novelle om ei jente som går til skulen, får ein ny ven, men så vert venen drepen, så er "Iskrem" ein dårleg tittel, med mindre venen faktisk vart drepen av iskrem. Grunnen er at du fort, igjen, kan falla i "eg er sær"-båsen. På den negative måten. Det er kult å vera sær, men ikkje viss det er med "vilje". Difor er det viktig å få lesaren til å tru at du berre er sær, ikkje at du prøver å vera det.

Det som er kult med Iskremteksta, viss venen faktisk vert drepen av iskremen, er at tittelen ser hyggjeleg ut. Iskrem. Noko dei fleste likar. Tittelen røper heile mordet, men det har ein inga aning om. Ein ventar og at teksta kjem til å handla om iskrem, og mest sannsynleg på den hyggjelege måten. Difor vert teksta ekstra brutal når ein døyr av iskremen. Ein ulv i fåreklede. 

"Henrettelsen" derimot, er ei tekst som ikkje lover godt. Her vil ein venta seg ei avretting i anten bokstaveleg eller metaforisk forstand, og uansett kva ein vel, er sjansa stor for at det heile vert banalt. Grunnen til at eg valte "Henrettelsen" som tittel i dette tilfellet, var av di avrettinga ikkje føregjekk fullstendig bokstaveleg eller fullstendig metaforisk, men heller kan sjåest som ein absurd fantasi eit menneskje kan få i ein underleg sinnstilstand. Når ei tekst er skrive noko usamanhengjande, forvirrande og kornete, likar eg enkle substantiv, då det kan verka som om forfattaren ikkje har laga tittelen sjølv, av di han er for fjern til å tenkja på den slags. 

Eg trur det er viktig å vera forsiktig med å velja mørke ord som tittel, då tenkjer eg på "Daud", "Drap" og "Blod" - viss teksta faktisk skal handla om desse tre tinga. Igjen, det kan fort verta banalt. Viss ei tekst handlar om daud, kan ein gjerne kalla teksta opp etter noko anna, som til dømes mordvåpnet (viss det var eit interessant våpen), det siste personen såg før han døydde (viss dette var viktig) eller, viss teksta er svevande og kornate, kanskje til og med drapet i seg sjølv. "Kvelninga", "Drukninga", "Hengjinga". Bestemt form vil alltid sjå tøffast ut, iallfall viss ein skal spørja meg. "Kvalt," "Drukna" og "Hengt" vil derimot sjå banalt ut igjen. 

Merkelege ord som "Kattedalten", vil eg kun nytta viss dette ordet skildrar teksta forferdeleg godt, så godt at det ikkje ser ut som ein prøver å vera sær, men som om ein gjev teksta eitt ord og dette var det einaste ordet. "Kattedalten". Hovudpersonen fylgjer etter ei katt gjennom heile teksta. "Nakkeknekkeren". Person vert gradvis meir plaga av tvangstanke om å knekka si eiga nakke. "Paulusarar". Kristne som høyrer meir på Paulus enn på Kristus. "Inkassokaffe". Inkassosjef som drikk for mykje kaffi. Titlane er underlege, men dei fortel det dei skal.

I tillegg har ein titlar som høyrest kvardagslege ut. Dette verkar som den nye moten. Ting som "Parken", "Parkbenk" eller "I parken" eller "På en parkbenk". Sjølv vil eg alltid lesa tekstar om park, då det som regel lover godt. Fella er at ein kan verta for kvardagsleg, og då vert det gjennomsiktig. Det er på same måte som at ein gjerne vil skriva ei mørk tekst med ein mørk tittel, men ein vil ikkje kalla teksta for "Nattens mørke drap", då dette vert så gjennomsiktig at teksta er nøydd til å vera ein paroditekst for å ikkje vera mislukka. "Buss", "Katt", "Mann", "Tog". Tilfeldige ord. Det fungerer nesten alltid, folk likar det. "Bussen", "Katten", "Mannen" og "Toget" vil og fungera. "Ein buss", "Ei katt", "Ein mann" og "eit tog" fungerer framleis. Men ikkje let det vera tilfeldig. "Ei katt" krever at teksta 
a) handlar om ei katt
b) at katta, tydeleg eller utydeleg, gjer noko stort for handlinga som til dømes å indirekte eller direkte redde/ta eit liv
Viss katta berre er ein detalj, som ikkje gjer noko til eller frå, fungerer det ikkje.

Lange, lange titlar:
Dette er ofte det motsatte av å ha eit enkelt substantiv som tittel. Då tenkjer eg til dømes boka "Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant". Sjølv tykkjer eg det er litt på grensa, men samstundes er setninga så interessant at eg vil sjekka det ut allikevel. Difor fungerer det. 

Eg trur regelen er at viss tittelen er lang og forteljande, så vert det interessant. 
"Mannen som gikk ombord på toget og opplevde noe interessant". Eg hadde lese.
"Hvorfor Rita ville skille seg fra Frank" - Eg hadde lese
"Kvinnen som valt i krokodillevannet, og hva som skjedde da" - Absolutt!

Viss tittelen derimot er lang og abstrakt, kan det plutseleg sjå ut som om ein har laga ein lang tittel berre for at det skal sjå langt ut.
"De mørke dalers smerte i den skumle skumringers dans bak månen".

Den lengste tittelen eg har gått for, var ei novelle eg kalla "En mobber ligger til press mellom bøkene på biblioteket". Ikkje med vilje. Det var rett og slett tittelen eg ville ha, og at han var lang, var ein tilfeldigheit. "Mobberen ligger til press mellom bøkene på bibliteket" ville ha vore kortare, men berre eit mellomrom. Difor er det ikkje vits å prøva å korta det ned. Langt ser stadig bra ut. 

"Dette skjer":
Viss ein let tittelen vera ramma kring teksta. Det er ofte det som skjer viss ein vel eit substantiv, og då eit viktig substantiv, til tittel. Dette er kanskje min absolutte favoritt, og eg gjer det nesten heile tida. Her er nokre døme på forteljande titlar eg har valt på tekstar:

- En arbeidsdag for Dramadronninga
- En prat i Mørke
- Praten med Fabian
- Tetid med drapsmann
- Ei fortelling om begynnelser
- Mannen som flytta heim til mor si
- Kaffe med skaperen

Alle desse titlane er konstante, på den måten at det som skjer i tittelen, skjer heile teksta. Det er ei ramme, men samstundes fortel det ikkje om handlinga, kun noko av motivet. Det gjev eit bilete.

Tittel før teksta:
Det eg meiner no er at tittelen er kva som kjem rett før teksta. Altså ein tittel som i og for seg kan stå med kolon etter. Eg har ein god del av dei og, av di det er noko som er nøydd til å fanga merksemd. Her er nokre døme:

- Til deg som skal jukse på matteprøven:
- Her kjem sanninga:
- Veit du hva?

Så, kva er det som skal skje? Kva er det du presenterer? "Til deg som" er ein vanleg versjon. "Til deg som har mista ein ven", "Til deg som er rik", "Til deg som skal drepa bror min:".

Andre ting kan vera "Eg må fortelja deg noko", "Høyr no", "Ikkje for å vera frekk, men -"

Eit spørsmål:
Å spørje lesaren om noko kan vera ein kul måte å laga tittel. 

"Kvar har du lagt Mathias?"

Vert du nyfiken no? Kven har lagt Mathias kvar? Er Mathias daud? Er dette eit spørsmål til ein mordar, eller til ein kidnappar? Er Mathias eit menneskje, eller ei dokke?

Det er ikkje sikkert nokon faktisk kjem opp med spørsmålet i teksta, men det kan liggja bak. Viss Mathias-teksta handlar om nokon som leiter etter liket av Mathias, vil denne tittelen vera spanande, sjølv om ein kanskje aldri får treffa mordaren og sprøja kvar han faktisk har lagt Mathias.

Spørsmål ein og kan nytta, er spørsmål som direkte er i teksta. 

"Elskar du meg, Robin?!"

"Er eg fin på håret?"

"Skal du ha bank?"

Måten eg ofte får titlar i hovudet, er ved at dei fell inn i hovudet mitt på ein relativt lite alvorleg måte. Viss eg til dømes hadde skrive ei novelle om ei krokodille som åt eit menneskje, ville ein naturleg tittel for meg ha vore "Middagsmat", og viss eg skreiv om eit menneskje som skulle reisa langt vekk for å finna seg sjølv, er "Ut på tur" det fyrste som fell meg inn. Titlar jobbar eg sjeldan mykje med, då eg tykkjer det spontante som regel ender opp med å verta best og minst kunstig. Titlar eg veit at eg har laga på denne måten er "Ren og fin", som handlar om ein mann som slår dottera si så ho vert båe gul og blå og blodig, av di ho er "skitten" inni seg. "Ren", åleine, hadde for meg verka for svulstig. "Ren og fin" derimot er eit vanleg uttrykk ein gjerne seier i ein munter tone. "Kvar er Tom?" er ein tittel laga på same måte - hovudpersonen lurer på kvar Tom er, difor er det naturleg at tittelen spør om det same.

Eg håper dette har vore til hjelp eller underhaldning. Viss ikkje så kjem eg til å skriva fleire innlegg om titlar. Eg set pris på tilbakemelding på dette innlegget så eg veit om det inspirerte eller ikkje og korleis eg evt. kan gå fram neste gong.

Beliar   Vestfold

 

    Niky
Disse tipsa skal jeg jaggu meg bruke ;) Vil bare si: Takk for flotte tips Beliar! :D

Niky

10/07/2012 21:19

 
    Sommervind
Dette hjalp meg veldig mye! Jeg skriver for tiden
på noe jeg håper kan bli ei bok en dag, og har
enda ikke funnet noen form for passende tittel.
Det vil si, helt til jeg kom over dette her. Jeg sitter
igjen med et par forskjellige titler, og hadde det
ikke vært for at jeg leste gjennom dette, så tror
jeg at jeg fortsatt hadde slitt.
Jeg er ikke verdens beste i nynorsk når sant skal
sies, så jeg måtte sitte litt for å skjønne hva noen
av ordene betø, men det hjalp!
Som Niky sa: Takk for flotte tips, Beliar! ^^

- Destiny

10/07/2012 22:34

 
    Cythraul Valentine
Dette gjeld vel hovudsakleg til lengre tekstar, gjer
det ikkje? For eg har merka at di kortare teksta er,
oftare vert det vanskelegare å finne tittel, spesielt
om det er ei ganske abstrakt tekst der ein kan
putte inn kva som helst.

Men for all del, dette er interessant, og ved eit par
punktar så vart eg litt facepalm, av di det eigentleg
er obvious, medan ein ikkje alltid ser skogen for
berre tre.

- CV

10/07/2012 22:46

 
    Beliar
Eg er glad for å høyra at det kan vera til hjelp for
nokon! For meg var det spanande å putte ting i
forskjelleg bås.

Eg trur dette kan gjelda både lengre og kortare
tekstar, men det eg tenkte mest på kan ha vore
forteljingar. Då kan ein sikkert tenkja på same
måte når ein skal lage romanar og - og eg trur så
visst mykje kan gjelda dikt. Det er nok svært
individuelt.

11/07/2012 01:40

 
    MetalLove
Denne teksten hjalp meg til å finne navn til serien
jeg skriver, og ga inspirasjon til å skrive andre!
Takk for fine tips! Bare gøy om du skriver flere
også:D

12/07/2012 12:57

 
    Beliar
Det er superduperflott å høyra! Eg har mange fleire
titteltanker i hovudet, så eg vil nok dela fleire av
dei etter kvart.

16/07/2012 17:17

 
    Wipsy
Dette var en hjelpsom tekst.Jeg bruker ikke å ha problemer
med titler, de kommer naturlig for meg. Det eneste er
veldig korte tekster der ingen ord er veldig fremtredende,
men alle ordene er viktige. Det kan være en utfordring. Men
jeg vil nok tenke på dette i fremtiden, ja.

16/07/2012 19:04

 
    Inga
Virkelig inspirerende :)



20/08/2012 17:54

 
    Gi tilbakemelding:

  Du må lese reglene hvis du er ny på Skrivebua.
Kommentarer som kan virke sårende vil bli slettet.
Det samme gjelder førstekommentarer på egen tekst
som ikke er helt nødvendig.

Husk at vi er her for å bli oppmuntret til å skrive.
Du må være registrert bruker og innlogget for å gi tilbakemelding.